Informasjon om postlista i sommar

I sommarferievekene vil postlista ikkje bli oppdatert like ofte som vanleg. Dette kjem av redusert bemanning i ferieperioden. 

Vi oppdaterer postlista så snart det er mogleg, og takkar for forståinga. 

Kulturprisen

Kulturprisen

Vanylven kommune og Sparebanken Møre deler årleg ut ein kulturpris til einskildpersonar, organisasjonar eller andre aktørar, som gjer eller har gjort ein stor innsats for kulturlivet i kommunen.
Kandidatane skal vurderast ut frå ei vid forståing av kultur. Prisen er 5000 kr og eit kunstverk laga av ein lokal kunstnar.