Kulturskulen

Vanylven kulturskule er ein skule der barn og unge i og utanfor skuletida kan få utvikle sine eigenskapar, sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med på å styrke barn og unge sin sjølvtillit og gi glede i kvardagen.

I kulturskulen jobbar vi for at elevane skal kjenne meistring og trivsel. Alle lærarane våre står på for å gje born og ungdom i Vanylven gode kulturopplevingar - kvar veke, kvar dag og kvar time vi møtast. Det å gå i kulturskulen skal vere ei blanding av leik, moro og alvor. Vi har det kjekt i lag, utfordrar kvarandre og stiller krav. Undervisninga er i tråd med rammeplan for kulturskulen og opplæringslova, og foregår desentralisert, ved dei tre skulane i kommunen.

 

Kulturskulen sitt føremål

  • Å utvikle musikalske og skapande evne hjå elevane , og fremje deira oppleving av og forståing for musikken og andre kunstfag som  almennmenneskeleg og kunstnerleg utrykksform.
  • Å utvikle elevane sin dugleik innanfor kunstfaga utifrå den enkelte sine føresetnadar, slik at dei først og fremst får ei meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet, dermed eit godt grunnlaf for yrkesval innanfor kunstfaga. 
  • Å skape aktive lyttarar/tilskodarar som er i stand til å velje innanfor det mangfald av kulturtilbod som finst i samfunnet. 
  • Å vere ein ressurs for skuleverket og musikklivet ellers i kommuna i arbeidet med å oppnå ein best mogleg opplæring og fremje interesse for musikk og andre kulturfag i nærmiljøet.

 

Kva kan du gjere i kulturskulen 

  • Piano, orgel og keyboard
  • Tverrfløyte, blokkfløyte og fiolin
  • Trekkspel, gitar og bassgitar 
  • Slagverk 
  • Sang  
  • Dans og teater 
  • Visuell kunst 
  • Aspirantopplæring til musikkorps 

I tillegg til undervisning, er tilsette ved kulturskulen dirigentar for fire korps og tre kor i Vanylven. 
Kulturskulen leverar også kulturskuleundervisning til alle barnehagane i kommuna. 

Kven passar det for

Undervisninga passar til barn og unge som har interesse for musikk, kunst og drama og vil utvikle seg innan desse felta. Ein treng ikkje å ha forkunnskapar for å få undervisning i kulturskulen. Barna er her for å lære og utvikle seg. Det vil bli lagt til rette for å undervise individuelt. Mange har time i eller rett etter skuletid og i SFO-tida.

 

Kva kostar kulturskulen

Avgifta er fastsett av kommunestyret, og vert indeksregulert årleg.

Alle aktivitetar Avgift pr semester
Hausten 2018
Ein elev kr 1 465
To elevar/aktivitetar kr 2 565
Tre elevar/aktivitetar kr 3 300

Ein har då rekna ein syskjenmoderasjon på 25% for andre barn, og 50% for tredje . For visuell kunst må ein også rekne med utgifter til materiell (150 kr).

Kulturskulen har nokre få fiolinar og trekkspel til utleige. Leiga er kr. 400,- pr. halvår. Dei som vil leige instrument må ta kontakt med rektor snarast.

 

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved å nytte dette skjemaet. (PDF, 379 kB)

Søknadsfrist for skuleåret 2018/2019 er 20. april.

 

Kontakt oss på 

Tlf.: 700 30 405, e-post kulturskulen@vanylven.kommune.no ,

Post: Kulturskulen, postboks 1, 6138 SYVDE

 

               

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor
E-post
Telefon 70 03 04 05
Mobil 970 35 396