Dagtilbod demensVanylven kommune har ulike lavterskeltilbod som ynskjer å gje rom for sjølvtillit og livskvalitet i kvardagen.Dagtilbod, demensGjennom tilbodet vil vi bidra til at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Gjennom aktiv omsorg kan ein førebygge og utsette opphald i institusjon, bevare og fremje dei ibuande ressursane. Tilbodet kan avlaste dei næraste/lette omsorgssituasjonen.Dette dagtilbodet kostar kr 180 pr dag, det dekkjer middag og transport.Vi møtast måndag, tirsdag, onsdag og torsdag kl 09:00 - 15:00.Pris gjeld frå 01.01.2024Dagtilbod - Eit tilbod for personar med demens (PDF, 4 MB) Korleis søkjer du?Du kan bruke dette søknadsskjemaet for å søkje om plass på dagtilbod for demens. Kontaktinformasjon: Siv Brekke Fagervoll, Mob 47 63 71 71 Sist endra 14.01.2026 14:51