HeimehjelpHeimehjelpsordninga (praktisk bistand daglege gjeremål) rettar seg mot dei som treng praktisk hjelp til husarbeid i heimen. Kven kan få hjelp til husarbeid?Personar som har behov for praktisk hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, høg alder eller andre årsaker.Kva kostar det? Praktisk bistandInntektPris (Makssats per månad uavhengig av tildelte timar)Inntil 2G (260 320kr)245kr2G til 3G (390 480kr)1683kr3G til 4G (520 640kr)2104kr4G til 5G (650 000kr)2525krOver 5G (650 801kr)2846krInntektPris/tUnder 2G245krOver 2G481kr Pris gjeld frå 01.06.2025.Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden. Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte.Korleis søkjer du?Du søkjer om heimehjelp ved å bruke dette skjemaet:Søknadsskjema for helse- og omsorgstenesterEtter at du har søkt, vil konsulent ta kontakt med deg for eit heimebesøk.Når kan du vente svar?Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker. Publisert 02.05.2022 14:33 Sist endra 12.02.2026 12:54