Brukarstyrt personleg assistent (BPA)BPA (brukarstyrt personleg assistent) er ei ordning for deg som har stort behov for praktisk bistand. Ordninga medverkar til større ansvar for eige liv. Kva er BPA?BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på:praktisk og personleg hjelp i dagleglivetstøttekontaktavlasting for barn under 18 årEi god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.Kven kan få BPA?Ordninga er meint for deg som har langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Ordninga er meint for deg under 67 år, som har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke.Kva kostar det?GTimarPris pr. mndInntil 2 G 215Frå 2 til 3 GInntil 4 timar1 400Frå 3 til 4 GInntil 5 timar1 750Frå 4 til 5 GInntil 6 timar2 100Over 5 GInntil 7 timar2 375Ein skal betale kr. 400.- pr. time før ein går over til abonnementsordning (sjå tabellen over inntekt og betalingssatsar). Utgiftstaket på kr. 215.- pr. mnd. for brukarar med inntekt inntil 2 g gjeld også her.Abonnementet gjeld frå den dato du er innskriven og fram til utskrivingsdato. Det du skal betale skal ikkje overstige kommunen sine utgifter til tenesta.Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden. Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifteNokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask.Korleis søkjer du?SøknadskjemaNår kan du vente svar?Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du vil få brev dersom det tek lenger tid enn fire veker.Oversikt over leverandørar av BPASjå oversikt her (PDF, 101 kB). Nyttige lenkjer https://helsedirektoratet.no/sykehjem-og-hjemmetjenester/brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa