Kven kan få tilbod om opphald i omsorgssenter?
Dersom du av ulike helsemessige årsaker ikkje kan bu heime lenger, kan du søkje om korttidsopphald eller langtidsopphald ved omsorgssenteret. For at du skal få tilbod om opphald, bør tenester i heimen og tilrettelagt bustad vere prøvd ut.
Dette kan vi hjelpe deg med
På omsorgssenteret får du hjelp med personleg hygiene, kosthald og aktivitet, i tillegg til medisinskfagleg kompetanse døgnet rundt.
Langtidsopphald
Du kan lese meir om vilkåra for tildeling av langtidsopphalda her: Lenkje til forskrift om tildeling av langttidsopphald (PDF, 2 MB)
Kva kostar det?
Prisane for langtidsopphald er gjort greie for i Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
Korleis søkjer du?
Du søkjer på langtidsopphald med dette skjemaet.
Korttidsopphald
Dersom du treng opptrening etter sjukdom eller skade, eller nærare utgreiing av sjukdoms- eller skadeomfang, kan du søkje om korttidsopphald på sjukeheim.
Kva kostar det?
Pris gjeld frå 01.01.2025
Eigenbetaling for kortidsopphald er sett til kr. 200,- pr. døgn.
Korleis søkjer eg?
Du søkjer på korttidsopphald med dette skjemaet
Når kan du vente svar?
Søknaden din vil bli vurdert fortløpande.
Kontakt oss
- Heimesjukepleie Fiskå: 70030210 / 90404886
- Heimesjukepleie Syvde: 70030280 / 48107459
- Avdeling 2: 70030220 / 90275644
- Avdeling 3: 70030230 / 99263037
Avdelingane kan nåast 24/7
Avdelingslederne nåast mellom 08.00 og 16.00 måndag til fredag:
- Avdelingsleder heimesjukepleie: 70030211 / 94039528
- Avdelingsleder avdeling 2 : 70030221 / 47638029
- Avdelingsleder avdeling 3 : 70030231 / 47683459
Vanylven helse- og omsorgssenter:
Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå.