Sentralt i ergoterapi er aktivitet og deltaking for alle. Ergoterpeuten arbeidar saman med deg for å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom kvardagen sine krav og din funksjon.
Publisert 14.09.2018 10:03
Sist endra 11.03.2019 13:20
Kven kan få tenesta?
Alle innbyggjarane i Vanylven kommune som har behov for tenesta får dette. Tenesta er for deg som grunna sjukdom, skade eller andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål. Her er nokre døme på kva ergoterapi kan vere:
- Førebyggande tiltak
- Tverrfaglig habilitering og rehabilitering
- Rettleiing, informasjon og undervisning
- Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
- Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar
- Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage
- Trening av daglege gjeremål
- Delta i ansvarsgrupper i tverrfaglige team
- Gje uttale om trygdefinansierte tiltak og utbetringstilskot til bustad
- Universell utforming
Slik får du tenesta:
Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeuten eller be om tilvising vidare frå andre tenester. Innan to veker skal ergoterapeuten ta kontakt og gjera avtale vidare.
Kva kostar tenesta?
Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis.