Skulehelseteneste 6-20 år

Skulehelseteneste 6-20 år

Skulehelsetenesta finst på alle barne- og ungdomsskulane. Skulehelsetenesta er ansvarlig for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser, samt gruppe og individuelle samtalar.

Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

 

Skulehelsetenesta er primært bemanna av helsesjukepleiarar. Andre yrkesgrupper i kommunehelsetenesta kan involverast ved behov.

Tenesta har så langt som råd ope dør dei dagane helsesjukepleiar er på skulen, og elevar kan kome innom etter behov. Du kan også kontakte helsesjukepleiar for å avtale tid om du ønsker det.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Kva tid er dei faste samtalane og undersøkingane i skulehelsetenesta, og kva vert undersøkt?
Kva vaksiner får eg på skulen?
Kva kan eg snakke med helsesjukepleiar om?
Får eg fråvær for samtale med helsesjukepleiar på skulen?
Kva får foreldra mine vite av det eg tek opp med helsesjukepleiar?
Korleis kan eg oppdage og behandle hovudlus?
Kva kan eg gjere dersom eg slit med tankar og følelsar?
Kva kan eg gjere dersom eg slit med å få nok søvn?
Kva kan eg gjere dersom eg eller barnet mitt vert utsett for mobbing?
Kvar får eg hjelp dersom eg er utsett for vald eller overgrep?
Kva skjer i puberteten, og når startar det?
Kva kan eg gjere med kviser og urein hud?
Kvar får eg tak i prevensjon og kostar det noko?
Kvar kan eg teste meg for graviditet eller seksuellt overførbare sjukdomar?
Korleis behandlar eg idrettsskader, og kvar kan eg få hjelp?
Kor mykje skjermtid bør barn eller ungdom ha, og kva bør foreldra følge med på?
Kva aldersgrense har dei ulike sosiale media, og er det så nøye?
Kva råd har de til foreldre kring ungdom og alkohol?
Korleis får eg sletta noko om meg som ligg ute på nett eller i sosiale media?
Kva kompetanse har dei tilsette i skulehelsetenesta?