Dagtilbod psykisk helseVanylven kommune har ulike lavterskeltilbod som ynskjer å gje rom for sjølvtillit og livskvalitet i kvardagen. Har du lyst til å vere saman med andre eller ta del i ulike aktivitetar, så har vi dagtilbod. Publisert 02.11.2021 12:24 Sist endra 02.11.2021 12:24 Dagtilbod, psykisk helse Deltakarane på dagtilbodet skal kunne få ein fristad, der vi driv med turar, hobby- og sosiale aktivitetar. Tilbodet skal vere lagt opp etter deltakarane sine behov og ynskjer. Treng du ein stad å gå, nokon å snakke med over ein kopp kaffi? Vi serverar også eit fast måltid, som du kan kjøpe for kr 40 pr gong. Vi møtast kvar torsdag kl 10:00 - 15:30 i Vårsol-stova, på Vanylven sjukeheim.