Starttilskot til nyetablerarar

Starttilskot til nyetablerarar

Kommunestyret handsama i møte den 04.02.2019 – sak 08/2019. Følgjande vedtak vart fatta:

Vanylven kommune gir eit etableringstilskot på kr. 100.000 til bygging eller kjøp av ny bueining, slik det kjem fram i framlagde retningsliner.

Retningsliner for etableringsstøtte til nye bustadar

                             

1. Vanylven kommune gir eit etableringstilskot på kr. 100.000 til bygging eller kjøp av ny bueining (ikkje tidligare budd i). Bustaden må nyttast som heilårsbustad for eigar.

2.      Tilsegn om tilskot vert gjeve etter søknad og utbetalt når ferdigattest er motteke.

3.      Tilskot vert gjeve til privatpersonar som på søknadstidspunktet er under 40 år.

4.      Ein søkjar kan få innvilga tilskot berre 1 gong.

5.      Tilskotet vert gjeve som eit rente- og avdragsfritt lån, og avskrive over 10 år med 10 % årlig. Dersom bustaden vert seld, utleigd eller fråflytta, må den delen av tilskotet som ikkje er nedskrive tilbakebetalast.

6.      Tilskotet vert tinglyst på lik linje med ordinære pantelån. Søkjar kostar tinglysning.

7.      Søknad om tilskot vert handsama av rådmannen.

8.      Formannskapet kan gje dispensasjon på bakgrunn av begrunna søknad.

 

Andre føresetnadar:

  1. Bygging av bustad på ”gratistomter” i gamle kommunale bustadfelt vert ikkje omfatta av ordninga.
  2. Ordninga gjeld frå vedtaksdato, og evaluert ved årsskiftet 2020/2021.

 

For å søkje om starttilskot sender du ein søknad til kommunen der du gjer greie for bygging av bueining eller kjøp av ny bueining.

Kontakt

Kim Andre Ekremsæter
byggingeniør
E-post
Mobil 99 44 22 33