Innleiing
Vanylven kommune er i gang med revisjon av gjeldande kommuneplan sin arealdel. Gjeldande arealplan er frå 2012. Kommunen har lyst ut dette arbeidet til eksterne og det er plankonsulent ABO Plan & Arkitektur Stord AS, i samarbeid med Nordplan som har fått dette oppdraget.
ABO plan og arkitektur laga ei visualisering av merknadar til arealplanen, som er å finne her: Merknadskart med digitaliserte innspel til arealplan.
Framdrift - Kva har vi gjort til no?
- Utarbeiding av fagnotat og faktagrunnlag
Det er utarbeidd fagnotat og faktagrunnlag i høve næring, senterstruktur, bustadar, oversikt møtestadar, samanhengane naturområde med tilhøyrande kart.
- Handtering av innspel til planen
Hausten 2025 har det vore høyringsrunde, og det har kome inn omlag 130 innspel til ny arealplan. Desse innspela har blitt systematisert i ei merknadshandsaming med ei fagleg vurdering for ei “grovsiling” av innspela som er innkomne.
- Planvask av arealplan
Det har blitt jobba med planvask av kommuneplanens arealdel og dette arbeidet held fram. Planvask inneber ein grundig gjennomgang, vurdering og dokumentasjon av kvart enkelt areal/ reguleringsplan. Planvask er å revidere arealplan ved å vurdere kva eit område skal nyttast til, evt. endre kva eit område skal nyttast til og vurdere korleis det kan byggjast i eit område.
- Politisk orientering og forankring gjennom prinsippvedtak
Formannskapet er styringsgruppe for arbeidet med revisjon av arealplan.
Plankonsulent møtte digitalt i formannskapsmøte i februar for å orientere om arbeidet og svare på spørsmål.
Formannskapet gjorde i møte den 10.02.2026 følgjande prinsippvedtak:
"Arbeidet som er gjort hittil i prosessen med ny arealdel til kommuneplan vert teke til vitande.
Grovsilinga er ei fagleg tilråding frå plankonsulent ABO og det er kommunen som må avgjere politisk kva areal som skal konsekvensutgreiast
Innspel som i trafikklysanalysa er farga grøn går vidare til konsekvensutgreiing omgåande
Det vert i starten av neste formannskapsmøte 24.03.26 arrangert eit arbeidsmøte for vidare siling og tilråding av resterande innspel som også skal til konsekvensutgreiing. Vedtak om dei innspela vert gjort i sjølve formannskapsmøte same dag".
Sjå Plansaka her.
Merk! Eit prinsippvedtak er ikkje eit juridisk bindande planvedtak, men det klargjer dei overordna føringane som politikarane ynskjer at planen skal byggje på.
Framdrift - kvar er vi no?
I denne fasen vert det jobba med fylgjande:
- Planvask av arealplan held fram. I formannskapsmøte 24.03.2026 vert det gjort vedtak på planvasken.
- Konsekvensutgreiing (KU) av 14 innspel (formannskapsvedtak 10.02.2026). I formannskapsmøte 24.03.2026 vert det bestemt om fleire innspel skal til konsekvensutgreiing.