Kjøp av eigedomsopplysningar

Kommunen tilbyr ein servicepakke med eigedomsopplysningar til eigedomsmeklarar.

Det kan bestillast kopiar av målebrev, reguleringsplan, leidningskart, kommunale utgifter, godkjente bygningsteikningar m.m. som vedrører ein eigedom.

Tenesta er gebyrlagt, men med tidsfrist for kommunen. 

Servicepakke:
For at vi skal kunne krevje full pakkepris, forpliktar Vanylven kommune seg til å levere opplysningane innan ein frist på 3 arbeidsdagar. Dersom vi ikkje kan få fram opplysningane innan fristen, vert prisen redusert etter antall dagar over tida. Pris eks.mva:

  • 1 – 5 dagar kr. 1 250
  • 6 – 10 dagar kr. 1 000
  • 11 dagar eller meir kr. 500