Økonomiplan 2022-2025 med budsjett for 2022

La-Rel Easter/Unsplash.com  

Vanylven formannskap har 30. november behandla økonomiplan for 2022-2025 med budsjett for 2022, som gav følgjande tilråing:

Formannskapet tilrår:
1. Driftsbudsjettet for 2022 med rammeløyving per sektor og investeringsbudsjett for 2022 med løyving per prosjekt og slik desse går fram av taldelane i budsjettdokumentet, vert godkjende med slik tillegg:

Vidareføre aktivitørstilling på omsorgssenteret kr. 200.000,-. Inndekning med midlar avsett til disposisjonsfond.

2. Økonomiplanen for åra 2022-2025 med rammeløyvingar til drift per sektor og investeringar per prosjekt slik desse framgår av taldelane i budsjettdokumentet vert godkjende.

3. Samla låneopptak i 2022 vert 22.869.000 kroner, inklusiv kr 3.000.000 til vidareutlån av startlån.


Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn ved Servicetorget på Vanylven rådhus og på kommunen si nettside etter formannskapet si behandling.
Eventuelle merknader til planen må vere komen kommunen ihende før kommunestyret si behandling av planen den 13.12.2021.

Aktuelle dokument:

Budsjett og økonomiplan 2022-2025 (PDF, 3 MB)

Økonomisk oversikt drift §5.6 (PDF, 12 kB)

Bevilgningsoversikt drift §5.4 (PDF, 10 kB)

Bevilgningsoversikt drift §5.4 per rammeområde (PDF, 10 kB)