SeksjoneringSeksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga. Endringar av allereie seksjonerte eigendommar kallas reseksjonering.Vilkår: For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.Slik søkjer du: Søknadskjema seksjonering (PDF, 577 kB) Utfyllingsrettleiing til seksjonering Her kan du laste ned søknadskjemaet i Pdf: https://dibk.no/saksbehandling/byggsok/Byggesaksblanketter/Reseksjonering Søknadskjema reseksjonering (PDF, 577 kB) Utfyllingsrettleiing til reseksjonering Pris:For handsaming av søknad om seksjonering / reseksjonering vert gebyr sett til 3 * rettsgebyret med eit tillegg på 2 * rettsgebyret når synfaring er naudsynt jf. eigarseksjonslova (ESL) sin § 15. Dersom uteareal skal seksjonerast på ein slik måte at det etter § 13 i ESL skal utarbeidast målebrev etter reglane i matrikkellova, kjem gebyr for arbeid etter matrikkellova i tillegg.Behandlingstid:Lova innfører tidsfristar for kommunen si handsaming av seksjoneringssaker. Sakshandsamingsfristen er 12 veker.Lov og retningsliner:Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven) Publisert 03.08.2020 13:27 Sist endra 20.05.2025 14:48