Riving

Dersom du skal rive eit bygg eller deler av eit bygg på eigedom din, er det viktig du setter deg inn i kva du må gjere før du starter med riving.
Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan også påverke om du må søkje om riving eller nytte firma til å søkje.

Rive utan å søkje:

Du kan sjekke om tiltaket ditt er nevnt i  veiledaren «Dette kan du bygge uten å søke kommunen om tillatelse». Dersom det er lov å bygge utan å søkje kan du også rive.

Søkje sjølv

Der du kan søkje sjølv om å bygge, kan du søkje om å rive. Finn du tiltaket ditt i lista over det du kan søkje om sjølv kan du levere søknad om riving.

Meir informasjon om kva du kan søkje om sjølv finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet og i søknadspakken til kommunen.

Søknad kan du finne her : https://dibk.no/saksbehandling/byggsok/Byggesaksblanketter/

Søkje med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarlig føretak til å stå for søknaden.

Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført.

Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarlig søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. 

Alle firma må ha erklært ansvarsrett for sine fagområder.

Spesielt for riving

  • Teikne eit kryss (X) på situasjonsplanen over bygget som du søkjer om å rive.
  • Send inn teikningar eller foto som viser bygget.
  • Det må opplyse om formålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga.
  • Send inn erklæring/stadfesting på at dei som har pengeheftelse i eigendomen er varsla, senast ved søknad om igangsettingsløyve.
  • Send inn stadfesting  på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om igangsettingsløyve.

Viktig å hugse

  • Kvitte seg med avfallet på ein måte der miljøet vert ivareteke og på ein lovleg måte.
  • Rivearbeid skal sikrast i samsvar med plan og bygningslova  § 28-2.
  • Kontakt kommunen om bygget er av eldre dato.
  • Kontakt kommunen i forbindelse med plombering av VA-leidningar (plombering krev rørleggamelding til VA-drift).
  • Kontakt andre leidningseigarar for leidningar  i lufta eller i grunnen (f.eks. telefon, breiband, vatn).

 

Kva kostar det?

 

Korleis søkjer du?

Skal du søkje om riving gjer du dette i eige skjema.

Husk naudsynt dokumentasjon.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

 

Nyttige lenke:


Plan og bygningslova

Forskrift om byggesak

Kontakt

Kim Andre Ekremsæter
byggingeniør
E-post
Telefon 70 03 00 74
Mobil 994 42 233