eByggesøknadViktig melding til deg som ansvarleg søkar: Byggesøknaden må leverast digitaltFrå og med måndag 1. mai 2023 vil det ikkje lenger vere mogleg å bruke e-post for å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak via e-post.Frå den datoen må du som "proffbrukar" nytte godkjende digitale e-byggesaksløysingar. Løysingane som skal brukast frå 1. mai ligg på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.Det er effektivt for alle partar å gå vekk frå e-postKommunane på søre Sunnmøre ønsker å handsame saker for innbyggarar og næringsaktørar så effektivt som mogleg. Digitalisering og ny teknologi vil hjelpe oss med å få til det. For når byggesaksprosessen blir digital, kan data frå dei digitale søknadane bli direkte overført til byggesaksarkiv, kartløysingar, matrikkeldata og eigedomsregister i kommunen.Å ta imot søknadar på e-post har ført til mykje manuelt, tidkrevjande arbeid. Det er ingen tent med, verken avsendaren eller mottakaren.Merk deg enkelte unntakSøknadar om tiltak som ikkje treng ansvarlege føretak kan sendast på e-post også etter 1. mai. Det same gjeld søknadar som berre gjeld dispensasjon eller unntak for tekniske krav.Gjeld ikkje pågåande byggesakerHar du ei pågåande byggesak, der du tidlegare har brukt e-post til å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak? Då skal du ikkje søke på nytt. Kravet om å søke i ei e-byggesaksløysing gjeld for søknadar som blir leverte frå og med 1. mai 2023. Omlegginga er heimla i EforvaltningslovaLovheimel for endringa finn de i e-forvaltningslova paragraf 3:"...et forvaltningsorgan (for eksempel en kommune) kan bestemme hvordan elektronisk kommunikasjon skal skje. Søker kan bruke en generell elektronisk adresse (les: e-postadresse) dersom kommunen ikke har stilt særskilte krav til fremgangsmåte for henvendelsen." Publisert 06.05.2025 14:12 Sist endra 06.05.2025 14:13