Startlån

Startlån skal medverke til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde den. 

Tildeling av startlån føreset til ei kvar tid at kommunen har midlar til utlån. Dette er igjen avhenging av at Husbanken har tildelt kommunen midlar til dette. 

Startlån er regulert gjennom forskrift om startlån frå Husbanken. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-03-12-273

Startlån kan nyttast til følgjande føremål: 

  • Kjøp av bustad 
  • Utbetring av bustad 
  • Oppføring av ny bustad 
  • Refinansiering av dyre lån dersom dette bidreg til at husstanden kan verte buande i bustanden sin. 

Kven kan få startlån?

Startlån kan utelukkande gis til privatpersonar, ikkje til lag/foreiningar, føretak eller andre juridiske samanslutningar. 

Det er ein føresetnad at søkaren ikkje får tilstrekkeleg lån i ordinær finansinstitusjon. 

Kva du kan få i startlån er avhengig av ei konkret vurdering av den einskilde sak. Det er derfor viktig at du som søkar leverar den naudsynte dokumentasjonen for at vi skal kunne vurdere di sak på ein forsvarleg måte.

Du finn meir informasjon her: https://husbanken.no/startlaan/hvordan-soeke/

Korleis søke om startlån?

Alle søknadar skal innleverast i papirform eller via Husbanken sin digitale "eSøknad".  Frå 01.01.20 kan ein berre søkje digitalt.

Når kan du vente svar?

Vi prøvar å handsame din søknad så raskt som råd. 

Lån under kr 1 000 000 vert handsama administrativt. Lån over kr 1 000 000skal  handsamast av formannskapet etter tilråding frå rådmannen. Det må då påreknast noko meir tid til sakshandsaming.