Lilleeide miljøstasjonKommunestyret har i sak 25/961 vedteke å innføre vintersesong på miljøstasjonen frå og med 1. november. I denne perioden vil miljøstasjonen berre vere open tysdagar klokka 12.00–17.45 i oddetalsveker fram til 1. april.Opne veker i vintersesongen 2026Ope tysdag i veke 3, 5, 7, 9, 11 og 13 frå kl.12:00-17:45. (Stengt i påska)Frå veke 15 går vi over til vanleg opning kvar tysdag kl.12.00-17.45. Miljøstasjonen held stengt i romjula og på raude dagar.Private hushald kan levere fritt inntil 3 kubikkmeter avfall på Lilleeide.For leveransar større enn 3 kubikkmeter, må det betalast gebyr.Næringsdrivande skal betale alt bortsett frå metall, EE-avfal, batteri og landbruksplast. (Kommuna har ikkje plikt til å ta imot større leveransar frå næringsdrivande, men ta gjerne kontakt for å få vurdert ditt konkrete tilfelle). Restavfall som blir delt inn i to grupper:Restavfall 1: Brennbart og Kvernbart restavfall som ikkje kan kjeldesorterast Restavfall 2: Ubrennbart og Ikkje kvernbart restavfall som ikkje går i «restavfall 1»- Gips, isolasjon, fjørmadrassar, tauverk/trosser, garn, nøter, lange tekstilar, plastrør, byggematerial og treverk lenger enn 2m, hydraulikkslangar, større plater av nylon, anna kunstfiber og liknande. Eternit/Asbest: kan leverast på palle , tett innepakka i 2 lag minimun 0,2mm (kraftig!) plast.- Merk med «ASBEST» Landbruksplast: kan leverast kvar tysdag i eigen container som blir tømt etter behov- Prøv å unngå store mengder på kvar leveranse- Det er viktig at plasten er så rein som mogleg, elles får ein ikkje levert det inn og ordninga vil take slutt. Fritidsbåt 0-15 FOT: Ein kan levere inn fritidsbåtar og få kvittering på Miljøstasjonen som vidare kan nyttast til å få refundert 1000 kr frå Miljødirektoratet.- Båtar 15-50 FOT må til andre mottak- Informasjon om ordninga finnast på: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no Våtorganisk matfall skal ikkje leverast på MiljøstasjonenBildekk skal leverast til resirkulering hjå dekkforhandlaren (utan felgar)Heile bilvrak skal heller ikkje til Miljøstasjonen , men metall frå bilvrak/delar kan leverast.Maling og elektro blir tatt imot. Adresse Lisjeeide næringspark 40, 6143 Fiskå Publisert 02.12.2022 12:55 Sist endra 30.03.2026 09:43