Lilleeide miljøstasjon

Lilleeide miljøstasjon

Kommunestyret har i sak 25/961 vedteke å innføre vintersesong på miljøstasjonen frå og med 1. november. I denne perioden vil miljøstasjonen berre vere open tysdagar klokka 12.00–17.45 i oddetalsveker fram til 1. april.

Opne veker i vintersesongen 2026

  • Veke 3
  • Veke 5
  • Veke 7
  • Veke 9
  • Veke 11
  • Veke 13
    (Merk: kun tysdagar)

 

Miljøstasjonen held stengt i romjula og på raude dagar.

Private hushald kan levere fritt inntil 3 kubikkmeter avfall på Lilleeide.

For leveransar større enn 3 kubikkmeter, må det betalast gebyr.
Næringsdrivande skal betale alt bortsett frå metall, EE-avfal, batteri og landbruksplast. (Kommuna har ikkje plikt til å ta imot større leveransar frå næringsdrivande, men ta gjerne kontakt for å få vurdert ditt konkrete tilfelle). 
 

Restavfall som blir delt inn i to grupper:

  • Restavfall 1: Brennbart og Kvernbart restavfall som ikkje kan kjeldesorterast
     
  • Restavfall 2: Ubrennbart og Ikkje kvernbart restavfall som ikkje går i «restavfall 1»
    - Gips, isolasjon, fjørmadrassar, tauverk/trosser, garn, nøter, lange tekstilar, plastrør, byggematerial og treverk lenger enn 2m, hydraulikkslangar, større plater av nylon, anna kunstfiber og liknande.
     
  • Eternit/Asbest: kan leverast på palle , tett innepakka i 2 lag minimun 0,2mm (kraftig!) plast.
    - Merk med «ASBEST»
     
  • Landbruksplast: kan leverast kvar tysdag i eigen container som blir tømt etter behov
    - Prøv å unngå store mengder på kvar leveranse
    - Det er viktig at plasten er så rein som mogleg, elles får ein ikkje levert det inn og ordninga vil take slutt.
     
  • Fritidsbåt 0-15 FOT: Ein kan levere inn fritidsbåtar og få kvittering på Miljøstasjonen som vidare kan nyttast til å få refundert 1000 kr frå Miljødirektoratet.
    - Båtar 15-50 FOT må til andre mottak
    - Informasjon om ordninga finnast på: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no

 

  • Våtorganisk matfall skal ikkje leverast på Miljøstasjonen
  • Bildekk skal leverast til resirkulering hjå dekkforhandlaren (utan felgar)
  • Heile bilvrak skal  heller ikkje til Miljøstasjonen , men metall frå bilvrak/delar kan leverast.
  • Maling og elektro blir tatt imot.

 

Adresse 
Lisjeeide næringspark 40, 6143 Fiskå