Vintersesong på miljøstasjonen og informasjon om veglys/gatelys

Vintersesong på miljøstasjonen og informasjon om veglys/gatelys

Kommunestyret har i sak 25/961 gjort vedtak om innføring av vintersesong på miljøstasjonen frå og med 1. november. I vintersesongen vil miljøstasjonen vere open i oddetalsveker fram til 1. april.

Opne veker for vintersesongen 2025 er veke 45, 47, 49 og 51.

Kommunen oppmodar innbyggjarane om å planleggje levering av avfall i tråd med desse opningstidene.

Sonja Lade

Vanylven kommune planlegg ei ny vedlikehaldsrunde av gatelysa i november.
Det er difor viktig at innbyggjarane melder frå dersom det er gatelys som ikkje lyser.
Meldingar kan sendast inn via kartløysinga:

Veglys/Gatelys - Vanylven kommune