Les om ordningane og finn søknadsskjema på https://www.landbruksdirektoratet.no/nb
Kontakt ved spørsmål, randi.aarones@vanylven.kommune.no, tlf. 91559027.
Til deg som driv landbruk i Vanylven
Kommunen vil minne om ulike tilskotsordningar og søknadsfristar:
Dreneringstilskot – Frist fortløpande
Til grøfting av tidlegare grøfta jord. Tilskotet er på kr 61 pr. meter for enkeltgrøfting, kr 4000 pr. dekar ved systematisk grøfting.
Det kan vere både opne og lukka grøfter. Arbeidsfristen er 3 år.
Søknadsskjema og info: Tilskudd til drenering av jordbruksjord - Landbruksdirektoratet
Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL-tilskot – Frist 10.mai
Føremålet med SMIL-tilskotet er mellom anna:
- Fremje beitebruk i gamle kulturlandskap
- Redusere risiko for erosjon og avrenning til sårbare vassdrag
- Hindre ureining frå jordbruket frå areal, fòr- og gjødsellager
- Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige bygningar eller kulturlandskap
- Fjerne piggtråd
Vi har fått kr 445 000 til fordeling. Tilskotet er ca 50% av kostnad. Arbeidsfristen er 3 år, kan forlengast 2 år. Gjeld tiltak som ikkje er del av normalt vedlikehald. Eigar eller drivar kan søkje. Eigne lokale retningsliner ligg føre, med satsar på nest siste side. https://www.vanylven.kommune.no/_f/p38/i2bc06227-549c-4ae5-8c48-244a14e5e808/smil-strategi-vanylven-2021-24-b.pdf
Søknadsskjema og info: Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet
Tilskot til tiltak i beiteområde – Frist 10.mai
Denne ordninga har som formål å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Beitelaget er hovudmålgruppe, men andre lag eller enkeltbrukarar kan også søkje. Vi har fått 200 000 til fordeling.
Søknadsskjema og info: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/ordninger-for-jordbruk/tilskudd-til-tiltak-i-beiteomrader
NMSK-midlar – tilskot til skogkultur; til skogplanting, etterarbeid i skog m.m. – fortløpande behandling. Tilskudd til skogkultur - Landbruksdirektoratet
Les om ordningane og finn søknadsskjema på https://www.landbruksdirektoratet.no/nb