Vi trener i gruppe, men det vert individuelt tilrettelagt slik at alle får noko dei kan gjennomføre. Hovudfokus er styrke-, stabilitet-, mobilitet- og bekkenbunnstrening! Vi tilrettelegger for babyen i treninga, anten om dei ligg saman med oss, på matte i midten eller at ein gjer øvingane med barnet. Eller kanskje søv dei seg gjennom timen?
Lurer du på om dette er aktuelt for deg? Ta gjerne kontakt for meir informasjon! Det er påmelding til gruppa og ein eigenandel på 200,- for halvåret for å delta. Det er mogleg å melde seg på også etter oppstartsdato 01. oktober.
iVanylven - Gravid- og mammatrening
Spørsmål/påmelding til: Fysioterapeut Silje Marita Vallestad
Tlf: 919 95 346
Frisklivsentralen