Jobbsjansen - ei teneste for unge vaksne

Jobbsjansen - ei teneste for unge vaksne

Jobbsjansen er ei teneste kommunen levera for unge vaksne i alderen 16 – 23 år.
Tilbodet passar for dei som ikkje har meistra skulen, ikkje fått lærlingplass, tatt pause i studie og står utan jobb, eller ikkje fått seg arbeid.

 

No når sommarferien er over kan det vere mange som er usikre på kva veg dei skal ta. Gjekk ikkje alt etter planen ang studieplass eller lærlingplass ? 

 Det kan ofte ver vanskeleg å finne ut av alle vegar å gå, Karina som er prosjektleiar hjelper då til med å ta kontakt med skulen eller bedriftene, ho kan hjelpe med å rettleie til å skrive søknad, CV, førebu til jobbintervju og liknande. Du treng ikkje gå skule, ha lærlingtid eller arbeide i Vanylven, Karina har unge vaksne i aktivitet fleire stadar i området.

Det er berre å ringe eller sende ei melding til Karina på telefonnummer 93280242 ! 

Tenesta er heilt gratis og er eit frivillig tilbod til dei unge vaksne i Vanylven

Kontakt

Karina Longva
Konstituert HR-leiar
E-post
Mobil 93 28 02 42