
Frå 1. november 2020 tok Skatteetaten over ansvaret for oppgåvene som skatteoppkrevjaren i kommunen har i dag.
Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter 1. november er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.
Her kjem du til Skatteetaten sine nettsider.
Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.
Skatteetaten sine nettsider oppdaterast med informasjon om skatteoppkrevjaroppgåver 2.november. Der vil du finne svar på mange spørsmål samt moglegheit for å sende inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager mm via nett.
Skatteetaten tek ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan ein sende skriftlege meldingar om alle typar spørsmål. Treng du meir hjelp må du kontakte Skatteetaten i andre kanalar. Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.
Publisert 28.10.2020 13:59
Sist endra 16.05.2025 10:05