Dreneringstilskot og SMIL-tilskot i jordbruket – ny søknadsfrist 1.10.2020

Klikk for stort bilete  

Vi har tilskotsmidlar til overs for 2020:

  • Drenering av jordbruksareal, 30 kr pr meter eller 2000 pr dekar.
  • SMIL-tilskot til tiltak i kulturlandskapet, inntil 30-40% av kostnad.

T.eks. rydding og inngjerding av beite, redusere ureining, ivareta kulturminne og kulturmiljø, legge til rette for ferdsel,

istandsetting av verneverdige bygg.

Søknadsfrist 1.10.2020.

Korleis søkjer eg ? 

 

SMIL midlar:

 Meir informasjon finn du her

Drenering:

Meir informasjon finn du her

Litt om ordningane:
 

Dreneringstilskot
Formålet er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord.
Det skal også redusere fare for erosjon og tap av næringsstoff til vassdrag. Tilskotet er på kr 30 pr. meter eller kr 2000 pr. dekar systematisk grøfting. Det kan vere både opne og lukka grøfter. Minstebeløpet er 3000. Arbeidsfristen er 3 år.
I fjor tildelte vi 257 000 kr fordelt på 18 søknader. I år har vi 367000 til fordeling. Eigar eller drivar kan søkje.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL-tilskot
Formålet med SMIL-tilskotet kan vere:

  • Hindre attgroing av kulturlandskapet og tap av biologisk mangfald.
  • Tiltak som fremjar beitebruk.
  • Redusere ureining frå jordbruket.
  • Ta vare på viktige kulturminne og kulturmiljø, og andre element i kulturlandskapet.
  • Legge til rette for ferdsel til viktige kulturminne og kulturmiljø.
  • Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige bygningar

I fjor tildelte vi 390000 kr fordelt på 10 søknader. I år har vi att 308000 til fordeling, av 500000 kr. Tilskotet ligg på ca. 30% av kostnadsoverslag. Arbeidsfristen er 3 år, med muligheit for 2 års forlenging.
Eigar av eit gardsbruk der det vert drive aktivt, eller drivar, kan søkje.

 

Løyvd tilskot i 2019-2020:

Gjerde/rydding beite

Føretak – Tilskotssum kr

Geir Ove Nordal - 23754

Hånes Hereford – 22500

Annette Gjeterud – 20700

Gudbjørn Vik – 34500

Bjarne Molvik – 23100

Kai Herman Jørgensen – 20850

Ronny Ekremsæter – 10500

Beate Stranden – 24150

 

Verneverdig bygg/kulturminne:

Føretak – Tilskotssum kr

Børre Tverberg, steingard - 35700

Inger Ruud, naust - 18000

Harald Kvamme, Espeneset, leiren  - 153950

Hånes Hereford Aksnes, steintrapp til sunnmørsstove – 45000

Magnar Aahjem, stabbur – 21158

Alv steinar Hellebust, låvegolv – 50100

Geir Helge Nordal, stabbur - 9522

Kontakt

Randi Aarønæs
rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 70 03 00 73