Gode råd til vaksne

Gode råd til vaksne

    

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan være avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som ser. Vi som arbeidar med barn og unge i Vanylven kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. Her finn de nyttig informasjon om kven du kan kontakte dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom, samt gode råd som kan vere til hjelp. 

Barnets føresette

Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom kan du ta kontakt med barnets/ungdommens foreldre eller andre pårørande. Du kan fortelje om di uro og kanskje foreslå å hjelpe. 

Dersom du vert avvist av foreldrene og fortsatt er uroa for barnet eller ungdommen tek du kontakt med barnevern, helsestasjon, barnehage eller skule. Det skal du også gjere dersom du kvir deg for å ta kontakt med familien direkte. 

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast.

Ta direkte kontakt med barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800)

 

Helsestasjon, barnehage eller skule

Du kan også kontakte helsestasjon, barnets barnehage eller barnets/ungdommens skule og dele di uro. Vanylven kommune sitt servicekontor kan hjelpe deg med kontaktinformasjon, eller du kan finne kontaktinformasjon i lenkene under.

Vanylven kommune sitt servicetorg: 70 03 00 00

Vanylven helsestasjon

Barnehage

Grunnskule

 

Barneverntenesta

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom skal du kontakte barnevernet. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lev under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får riktig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Her er infomasjon om korleis du kan melde fra til barnevernet som privatperson: https://www.bufdir.no/barnevern/melde-fra-privatperson

 

Vanylven, Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldrene som har ansvar for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad:Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid

 

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at barn og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon: 02800 / 91 57 60 20 

Politi

Politiet skal kontaktast ved akutt fare for liv og helse, eller dersom du mistenker at barnet har vore utsett for noko ulovleg. Her kan du lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.


Vanylven politistasjon
Rådhusvegen 1
6143 Fiskå

Telefon: 70 11 87 0002800
e-post: post.moreogromsdal@politiet.no 

Klikk her for å kome til politiets heimeside.

 

Gode råd til trenere, instruktørar og leiarar i frivillig sektor
  • Sjå: å bli lagt merke til og hugsa på, blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt, og bruk namnet til barnet med respekt.
  • Lytt: Lytt til kva barnet/ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ungdommen si oppleving utan å avbryta eller korrigera. 
  • Gi: Å gi handlar om å vera inkluderande. Sjølv i konkurranseutsette aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle. 
  • Forstå: Vis interesse. Ein vaksen som forstår. Tør å spørja korleis eit barn/ungdom har det- og toler svaret. 
  • Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å setta grenser og vera rettferdig. 
  • Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande forbilde som handtera ueinigheit og at nokon er annleis.
Kva signal bør eg sjå etter?

Barn som igjennom utviklinga er utsett for gjentatte krenkelsar, kan ofte være i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at fara er over. 

Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastlausheit, ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades. 

Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også være at teikna har ei heilt anna orsak. 

Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer, samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv. 

Psykiske teikn:

  • Barnet skvetter lett, er engsteleg
  • Konsentrasjonsproblem og uro
  • Irritabilitet og sinneutbrot
  • Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
  • Rusmiddelproblematikk
  • Sjølvskading
  • Hukommelsestap
  • Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)

Fysiske teikn:

  • Blåmerker
  • Auge- og ansiktsskader
  • Brannskader
  • Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
  • Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg

Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege. 

Vil du lese meir om risikofaktorar og teikn på vald mot barn kan du lese om det her.

Korleis bør eg snakke med barn?

På nettsida snakke med barn finn du mykje god informasjon om korleis du kan gå fram dersom du skal snakke med born eller foreldre om noko som uroar deg. Her finn du informasjon om ulike tema, tips til korleis gå fram i samtalen og opplæringsmateriell. Du kan også øve deg i å snakke med born ved å gå inn her.

 

OBS! Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt:  Meld saka direkte til barnevernstenesta 70058800, barnevernsvakta 91576020 og/eller politi (02800). I slike høve skal ein ikkje informere foreldre/føresette om meldinga.