Tilsett

Som tilsett i Vanylven kommune har du eit særskilt ansvar for å vere merksam på born og unge som har eller kan ha problem i kvardagen. Du har ansvar for å bidra til at det vert sett i verk tiltak som kan hjelpe den einskilde til å meistre livssituasjonen sin på ein god måte. Til hjelp i dette viktige arbeide har vi her utarbeidd verktøy og system for oppfølging av den einskilde.

Ovanfor finn du lenkar til korleis vi jobbar med dette i Vanylven, kva handlingar vi skal gjennomføre  - Handlingsrettleiar, korleis systemet og hjelpeapparatet er oppbygt  - Samhandlingsmodellen og kva verktøy vi har utarbeidd til konkret hjelp i arbeidet - Verktøy.