Sentralt e-postmottak – postmottak@vanylven.kommune.no
Inngåande e-post til det sentrale postmottaket skal vurderast av arkivtenesta og registrerast på aktuell sakshandsamar. Dersom e-posten er arkivverdig, skal han journalførast i sak-/arkivsystemet.
Sakshandsamarar har sjølve ansvar for å registrere og journalføre arkivverdige e-postar som dei mottar direkte.
E-postførespurnader som blir vurderte som arkivverdige, skal behandlast vidare etter dei same rutinane som ordinær inngåande post. Dersom mottakaren ikkje er brukar i aktuelt sak-/arkivsystem, blir nærmaste leiar registrert som sakshandsamar, og e-posten blir distribuert vidare til aktuell mottakar.
Dersom innhaldet i e-posten ikkje er arkivverdig, vurderer postmottaket om førespurnaden skal distribuerast vidare til aktuelle mottakarar i organisasjonen. Er e-posten adressert til namngjevne personar eller funksjonar, blir han sendt vidare til desse, eventuelt med kopi til nærmaste leiar.
ACOS Mottak
Ved oppstart skal arkivtenesta kontrollere at alle nødvendige modular fungerer som dei skal, og at transportnavet er i drift.
Dersom det oppstår feil, skal mottaksstatusbiletet opnast for kontroll. I statusoversikta vil eit utropsteikn indikere at ein eller fleire importar har feila.
Etter kontroll av status skal arkivmedarbeidaren gå til hovudbiletet og gjennomføre import av alle mottaksjobbar som ligg klare til behandling.
Papirpost
All inngåande papirpost skal vurderast og sorterast etter om ho er arkivverdig eller ikkje.
Eit dokument er arkivverdig når det inngår i saksbehandlinga til kommunen eller har verdi som dokumentasjon av verksemda.
Ikkje-arkivverdig post blir fordelt til antatt mottakar. Ved tvil skal arkivtenesta avklare mottakar eller vidare handtering med aktuell sakshandsamar eller leiar.
Arkivverdig post blir opna, sortert, skanna og registrert i sak-/arkivsystemet før ho blir fordelt til ansvarleg sakshandsamar for vidare behandling. Dokumenta skal journalførast i samsvar med gjeldande regelverk og kommunen sine arkivrutinar.
Altinn
Dokument som kjem inn til Vanylven kommune via Altinn skal vurderast av ansvarleg sakshandsamar med omsyn til om dokumentet er arkivverdig. Dokument som inngår i saksbehandling eller har verdi som dokumentasjon av kommunen si verksemd, skal registrerast og arkiverast i sak- og arkivsystemet eller i godkjent fagsystem med arkivkjerne.
Sakshandsamar har ansvar for å sikre at arkivverdig dokumentasjon blir journalført og teken vare på i samsvar med gjeldande regelverk og kommunen sine rutinar. Når dokumentet er henta ut og registrert i rett system, skal det arkiverast i Altinn slik at innboksen berre inneheld ubehandla dokument.
Arkivtenesta har ansvar for journalføring og arkivering av arkivverdig dokumentasjon som kjem til kommunen sitt hovudorganisasjonsnummer, medan dokument som høyrer til særskilde fagområde eller fagsystem blir handterte av ansvarleg leiar eller sakshandsamar