Tilgang til revisor

Tilgang til revisor

Revisor kan etter kommuneloven § 24-2 krevje innsyn i dei opplysningane dei ynskjer hjå kommunen. 

Revisor skal ha tilgang til dei dokument og opplysningar  som han eller ho meiner er nødvendig for å kunne utføre arbeidet sitt, men det inneber ikkje ein generell innsynsrett i datasystema  til kommunen.

Tilgang til arkiv- eller fagsystem:

  1. Den som ber om innsyn, skal be om det skrifteleg. Innsynskravet vert arkivert i arkivsystem.
  2. Den som ber om innsyn skal få skrifteleg svar om tilgang og avgrensingar i tilgangen.
  3. Den som får innsyn skal signere teiepliktskjema og sikkerheitsinstruks brukar, skal arkiverast i arkivsystem.
  4. Det skal opprettast eiga rolle for revisor. Det må opplysast om ev. logging av aktivitet i systemet.
  5. Den som skal ha tilgang skal ha opplæring i systemet. Dersom slik opplæring er blitt gitt i ei anna kommune, skal det opplysast i kva kommune opplæringa er gitt og kven som ga opplæringa