Ved oppretting av sak til politisk behandling skal malen for saksframlegg brukast. Saksbehandlar lagar ein ny journalpost, eit saksframlegg. I staden for å legge til mottakar må du her melde opp saksframlegget til politiske utval. Du melder opp til alle utvala saka skal opp i.
Når saksframlegget er ferdig skrive går du tilbake til oppmelding (Oppmelding skjer ved å høgreklikke på ikonet for dokumentet. Gå til behandling -> Møte -> Oppmelding og klikk på "Prøvekonverter". Ved feilmelding her kontakt utvalssekretær, då kan det vere utklipp som er limt inn i saksframlegget som skaper utfordringar.
Sakshandsamar må ha godkjenning frå leiar, her skal godkjenningsprosessen i saksbehandlingssystemet brukast. Saksnummer vert påført når utvalsekretær set opp saklista etter at alle sakene er samla. Dokument som skal skjermast for offentleg innsyn må ha tilgangskode i saksbehandlingssystemet. Dette gjer at desse dokumenta ikkje kjem ut på innsynsløysinga vår og utvalssekretær vil avgrense kva politikara som får dokumenta i politikarportalen ser (berre dei som skal i møte får lese) Saksframlegget skal vere klart (og godkjent av leiar) seinast klokka ni dagen for utsending.