Føremål
Rutina skal sikre at det vert innhenta politiattest ved tilsetjingar til stillingar med krav om dette.
Rutina skal samstundes sikre at det ikkje vert gjort tilsetjing av personar som har gjort overtreden innan det feltet dei skal arbeida innan.
Omfang/Virkeområde
Det kan krevjast politiattest til alle tilsette som skal arbeide innan eit fagområde politiattest er påkrevd, sjå føremålsoversikta på politiet.no.
Med alle tilsette, meinast personar med ordinær arbeidsavtale, ringjevikaravtale, pensjonistavtale, lærlingar, studentar praksiskandidatar og personar i arbeidstrening.
Rutina gjeld også for personar med oppdragsavtale, eks. støttekontaktar, avlastere og fosterheimar.
Ansvar
Ansvaret ligg hjå næraste leiar.
Aktivitet/skildring
1. Tydeleg i stillingsannonse/dialog at det er behov for politiattest for tiltreding av stilling.
2. Krav om politiattest gjeld også for ringjevikaravtale, pensjonistavtale, samt lærlingar, studentar, praksiskandidatar og personar i arbeidstrening, oppdragsavtale, til dømes støttekontaktar, avlastarar og fosterheimar.
3. Næraste leiar sender stadfesting for søknad om politiattest til den som skal tilsettast. Ein kan anten sende gjennom Websak, her ligg eigen mal, eller bruke mal som ligg på politiet sine heimesider.
4. Når ein har motteke godkjent politiattest skal den registrerast i personalmappa til vedkomande i Websak, her ligg mal som ein skal bruke for å stadfeste at ein har mottatt politiattest. Hugs å skriv merknad eller ingen merknad
Kommunalsjef skal leggast på kopi slik at hen er informert om at politiattest er mottatt dersom der er merknadar. Politiattesten skal ikkje oppbevarast etter den er registrert mottatt, men makulerast jf. arkivlova § 9 bokstav c.
Om ein har problem med å registrere politiattesten i Websak, kan ein kontakte arkiv for hjelp. Rutine for registrering ligg i Compilo.
Politiattest som er levert skal vere etter riktig lovverk i høve stillinga og ikkje vere eldre enn 3 månadar.