Pasientarkiv

Pasientarkiv

Saksbehandlinga skjer i sak/arkivsystemet Acos Websak.

Saksmappe pr pasient/brukar/klient 

Tittel - Pasientsak - <Type sak>
Tittel2: <Fornamn Etternamn>
Arkivdel: PASIENT
Sakstype: PAS
Tilgangskode: PA
Klassering: fødelsnummer 11 siffer

Arkivdelen og dokumenta er ikkje synleg i innsynsløysinga.

Fullelektronisk arkiv i Acos frå 13.05.2019

Innhald i arkivdel

Pasientjournal vert til i Helseplattformen og vert nytta av Pleie- og omsorgsektoren (omsorg sjukeheim og heimebasert omsorg) Bu- og Habilitering og Tenestekoordinering. Også fysioterapien nyttar Helseplattformen som fagsystem.

Pasientjournalen inneheld både det som er arkivverdig etter arkivlova og det som er EPJ.

  • Søknad om opphald
  • Vedtak
  • Epikrise

 

Tilgang til arkivdel

Dei som har behov for informasjon om pasienten/klienten/brukaren for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientmappa

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon:Sensitiv
Lovhjemmel:PA - Off.lova § 13 jf. forv.lova § 13
Tilgjengelegheit:Dei som har behov for informasjon om pasienten/klienten/brukaren for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientmappa
Integritet:Pasientmappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet:Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
BehandlingKommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.