Vigilo - Foreldreportal og App

Vigilo - Foreldreportal og App

Vigilo er digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Vigilo

Kva er Vigilo?

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.
 

Digital kommunikasjon

Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak sikker innlogging, og erstattar mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost. Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).

Korleis kome i gang?

Du har tilgang til kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo app.

Vigilo foreldreportal

Du loggar deg inn i Vigilo foreldreportal via ID-porten, på sida https://www.vigilo.no/vanylven/.

Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC og i nettlesar på smarttelefon eller nettbrett.

I foreldreportalen kan du få siste nytt

  • Der finn du påmeldingar som skulen, SFO eller barnehagen har oppretta
  • Du kan sende og motta meldingar til skulen, SFO eller barnehagen
  • Du kan få fråværsoversikt eller melde fråvær
  • Du kan svare på samtykker som skulen eller barnehagen har oppretta
  • Du kan sende søknadar om t.d. SFO plass, permisjon frå skulen, redusert foreldrebetaling, endring av SFO plass, oppseiing SFO eller barnehage
  • Du kan sjå timeplanen, publiserte merknader i orden og åtferd og vurderingar for dine born i skulen

Sjå også hjelpeartikkel for innlogging i foreldreportalen i Vigilo hjelpesenter.

Vigilo app

Vigilo app er eit tillegg til foreldreportalen på nett. Du lastar ned appen gratis på App Store (iOS), Google Play (Android) eller App Gallery (HarmonyOS).

Første gongen du loggar deg inn gjer du det via ID-porten. Du må då opprette ei firesifra PIN-kode som du skal bruke når du loggar deg inn neste gong. Alternativt kan du aktivere biometrisk innlogging.

I appen får du nyhende og kunngjeringar frå skulen, SFO eller barnehagen

  • Du kan melde inn fråvær til skulen, SFO eller barnehagen
  • Du kan sende og motta meldingar til skulen SFO eller barnehagen

Sjå også hjelpeartikkel om nedlasting og innlogging i Vigilo app i Vigilo hjelpesenter.

Korleis ser Vigilo ut
Behandling av personopplysningar
Kva rettar har du?
Innsyn i personopplysningar (personvernforordninga artikkel 15)
Retting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 16)
Sletting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 17)
Avgrensa behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 18)
Protest mot behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 21)
Klage
Kontakt

 

Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter.