Nyfødd 0-4 veker

Nyfødd 0-4 veker

Gratulerer med babyen!

Som mor eller far går du ei spanande og utfordrande tid i møte. Å vere foreldre er flott, men også krevjande.

Vi på helsestasjonen ynskjer å gi rettleiing og støtte i denne oppgåva, slik at dykk best mogleg kan vere der for dykkar barn. På helsestasjonen vil vi ha fokus på dykkar barn, men også på korleis dykk har det som foreldre. 

Når den nyfødde vert utskriven frå sjukehuset og reiser heim, får helsestasjonen i di kommune beskjed om dette. Vi vil i løpet av kort tid ta kontakt med deg for å avtale to heimebesøk, eit frå jordmor og eit frå helsesjukepleiar.

Under finn du meir informasjon om både heimebesøk, kva tilbod helsestasjonen gir, samt råd og hjelp om ei rekkje spørsmål som nybakte foreldre ofte har.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Korleis avtalast heimebesøka frå helsestasjonen?
Kva skjer på heimebesøket frå jordmor?
Kva skjer på heimebesøket frå helsesjukepleiar?
Kva skjer etter heimebesøka og kva tid treff eg helsesjukepleiar neste gong?
Skal vi møte på helsestasjonen dersom eg eller barnet er sjuke?
Kva app anbefaler de til småbarnsforeldre?
Kva vaksiner får barnet mitt på helsestasjonen?
Korleis bestiller eg ein time utanom det ordinære helsestasjonsprogrammet?
Korleis kan eg forstå babyen sine signal og behov?
Kva gjer eg når barnet mitt gret?
Kva er gulsott og kva bør eg gjere med det?
Kva er normal motorisk og psykisk utvikling hos eit barn?
Finst det ein fasit på korleis ein oppdreg eit barn?
Kva er dei vanlegaste plagene for mor etter fødsel?
Kvar får eg råd om eller hjelp til amming?
Kva kosthald bør eg ha når eg ammer, og er det matvarer eg ikkje bør ete?
Kan eg gi babyen honning?
Treng babyen noko kosttilskot?
Kva medisin kan eg bruke medan eg ammar?
Kva er krybbedød og korleis kan eg førebygge det?
Kva er kolikk og kva kan eg gjere med det?
Kva er fødselsdepresjon og kvar kan eg få hjelp?
Kva bør eg gjere for å barnesikre heimen?
Kva gjer eg viss barnet mitt skadar seg?
Kva kompetanse har dei tilsette på helsestasjonen?