Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025.Formålet med ordninga er å ...
Grunnskulane i Vanylven kommune tek til etter sommarferien måndag 18. august 2025 Tid for frammøte: Myklebust skule: 1.- 10.klasse kl 08:15 Fiskå skule: 1.- 7.klasse kl 08:45 Åheim skule: 1.- 10.klasse kl 09:00
Endra opningstider for biblioteket i sommar Biblioteket held sommarstengt frå og med veke 27 til og med veke 32, altså frå 30. juni til 8. august 2025.
Tekniske utfordringar fører til forseinking i kantslått - ferdig innan skulestart På grunn av tekniske utfordringar har vi fått melding om at kantslåtten ikkje er utført innanfor den planlagde tidsperioden.Arbeidet vil halde fram i ...
Renovasjonsdunkane er flytta frå området ved brannstasjonen til Aktivitetssenteret på Fiskå Frå og med denne veka vil renovasjonsdunkane ikkje lenger vere tilgjengelege i området ved brannstasjonen. Dei er no plasserte ved Aktivitetssenteret ...
No kan du tidlegrøyste Frå 1. juli til 8. august er det mogleg å røyste til stortings- og sametingsvalet ved å nytte seg av tidlegrøysting.
Hugs å søke om jonsokbål Det er snart jonsok og mange planlegg litt bålbrenning i samband med jonsokfeiringa.Frist for å søke er 20. juni.
Aktivitet- og vannsportsveka 2025 I veke 26 arrangerer Vanylven Frivilligsentral og Bua Vanylven den populære Aktivitet og vannsportsveka. Heile veka vil deltakarane få moglegheit til ...
STORTINGSVALET OG SAMETINGSVALET I 2025 er det val av nytt storting og nytt sameting.Valdagen er fastsett til måndag 8. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søndag ...
Ny organisasjonsmodell Kommunedirektøren vil med dette orientere om at kommunen over tid har arbeida med ny organisasjonsmodell. Kommunedirektøren har i dag bestemt at vi sk...