Tilsette, HMT og varsling

book-1798_640.jpg - Klikk for stort bilete

Arbeidsgjevarstrategi ligg til grunn for vår satsing på godt arbeidsmiljø, der vi har fokus på eit systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik  (HMT), innføring av databasert avvikssystem og ekstern varslingseining.

Varsling

Gode føresetnader for ytringar på arbeidsplassen handlar om at det er mogleg å seie frå når ein er bekymra og tør å ytre seg kritisk, enten til leiar eller kollegaer, utan å risikere gjengjelding. I 2007 fikk arbeidsmiljølova reglar som blant anna skal verne varslarane.

Kva er varsling?

Varsling skjer når arbeidstakar har vore vitne til, avdekka eller opplevd kritikkverdige forhold på arbeidsplassen og varslar om dette til nokon som har mynde til å gjere noko med det (Near & Miceli 1985). I det praktiske liv kan det vere vanskeleg å vite kva som er skilnaden på «å melde frå» og «å varsle», og om det er skilnad på ei bekymringsmelding og eit varsel (Trygstad et al.2014). Ofte vert eit varsel forveksla med ei personalkonflikt eller ei fagleg ueinigheit. Her er det glidande overgangar og ikkje noko fasitsvar.

I førarbeida til arbeidsmiljølova sine reglar om varslarar (Ot.prp. nr. 84 (2005-2006)) går det fram at det det varslast om, bør ha ei viss interesse for allmennheita. Dersom forholdet det varslast om er retta mot eigen person og ikkje har interesse for allmennheita, vil det kunne vere meir rett å omtale det som ei intern personalkonflikt (Trygstad et al. 2014).

Den 16. mai 2017, i sak 49/2017, vedtok kommunestyret ei rutine for varsling. Vanylven kommune er opptekne av at det skal være ein låg terskel for å melde frå om det som kjennest feil. Samstundes er det viktig å ikkje «misbruke» varslingsinstituttet. Skjema for varsling til kommunen finn du her:

Varslingsskjema

Dersom det er grunnar til at du må varsle anonymt, så kan du gjere dette til kommuneadvokaten på e-post: varsling@judicia.no.

Kommunen har ei hierarkisk oppbygd linjeorganisering. Dersom du har sett eller opplevd noko du meiner er feil, bør ein i første omgong melde frå til næraste leiar, som er pliktig å undersøke saka vidare. I nokre saker opplever ein det feil å melde frå til leiar, og då kan du melde frå til varslingstenesta.

Dersom varslingssaka gjeld rådmannen eller nokon i rådmannen si leiargruppe, skal du melde frå til varslingstenesta - slike sakar vil behandla av rådmannen i Herøy kommune.

Avvik

Med avvik meiner vi alle uønska hendingar og/eller forhold som har ført til, eller kan føre til, skade på menneske, miljø og materiell.

Avvik skal meldast her.

Dokument for arbeidsgjevarstrategien kan du lese her:

 

 

Vanylven kommune ønskjer å ha ein god og ryddig varslingskanal for kritikkverdige forhold, og det er vedteke at kommunen frå 1. august 2017 skal ha etablert ei ekstern varslingseining gjennom advokatkontoret Judicia.

 

 

Publisert av Andreas Christian Nørve. Sist endra 20.02.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Andreas Chr. Nørve Andreas Chr. Nørve rådmann
70 03 00 02
@ Andreas Chr. Nørve
Sigrid-Marie Lillebø Sigrid-Marie Lillebø personalrådgjevar
70 03 00 21
@ Sigrid-Marie Lillebø
Søknadsskjema (1)
Arikkel med kontaktperson (1)
Login for redigering