Vegadresser

Vegadresser

Adresser og skilt skal sørge for at alle på ein lett og forståelig måte skal kunne finne fram til bygningar. Adressa skal også kunne brukast av navigasjonssystem for å finne fram til rett stad.

Ferdige vegnamn og husnummer vises i karttenesten www.sunnmorskart.no

Om adressering

Ei offisiell adresse består av et vegnamn, eit husnummer og eventuelt ein bokstav. Adressene skal vere i stigande rekkefølgje langs ein veg. Nummereringa følgjer prinsippet om partal på venstre side, og oddetal på høgre side. Retninga gjeld i hovudsak utifrå kommunesenteret Fiskå. Dei fleste vegane har fått avstandsnummerering, gjeve opp i næraste heile timeter. T.eks 430 meter frå startpunktet vert nr 43. I tettbygde område er det fortløpande nummerering. Kvart hus får eitt  nummer.

Saksgang ved tildeling eller endring av adresser

Det er kommunens oppgåve å tildele eller endre offisielle adresser. Dette vert gjort etter matrikkellova § 21 og matrikkelforskriften §§ 50-54.

Vegen må først tildelast eit namn. Vegnamnet blir vedtatt av kommunen etter ein prosess etter stadnamnlova. (Sjå om vegnamn under).

Kommunen skal sende ut eit forslag om adressering til dei som blir rørt. Dei får ein frist til eventuelt å gje tilbakemeldingar/forslag til betre løysningar. Eventuelle tilbakemeldingar blir så vurdert av kommunen før det vert gjort endelig vedtak om adressering.

Vedtaket kan klagast på etter matrikkellova § 46 f). Klageretten er avgrensa til kva veg ein skal tilhøyre eller tildelt nummer. Vegnamn er allereie vedteke, og kan ikkje påklagast. Evt. klage skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, men sendast til kommunen  postmottak@vanylven.kommune.no eller Vanylven kommune, 6143 Fiskå. Klagefristen er 3 veker jf. forvaltningslova kap. IV til VI.

Når adresseringa er vedtatt av kommunen vert den registrert i det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkelen). Folkeregisteret blir automatisk oppdatert med dei nye adressene. Offentlege institusjonar, bankar, forsikringsselskap, kraftselskap mv nyttar adressene som ligg i folkeregisteret. Andre må få melding om adresseendring.

Vegnamnskilt

Det er kommunens ansvar å sette opp vegnamnskilt. I tillegg vil det av og til være nødvendig å sette opp visningsskilt ved stikkvegar.

Husnummerskilt

Husnummerskilt er viktig for at det skal bli enkelt å finne fram til ei konkret adresse. Det er eigars ansvar at husnummerskilt blir satt opp på bygning/inngang slik at det blir enkelt å finne fram.

Nummerskiltet bør vere utforma med svarte tal på lys, reflekterande, bakgrunn. Vanleg teksthøgde 105 mm og skilthøgde 150 mm. Skiltbreidde varierer frå 150 mm for 1-sifra tal, 220 mm for 2-sifra og 280 mm for 3-sifra. Skilt kan bestillast t.eks. hos jarnvarehandel, byggvarehandel og trykkeri – også lokalt.

Skiltet må vere plassert godt synleg frå veg. Det bør hengast 2,5 meter over bakken, gjerne til høgre for inngang eller innkøyrsel. Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgde på port, inngjerding, stolpe i eigedomsgrense eller anna høveleg stad.

Husk at husnummerskiltet er der for at utrykningspersonell, drosjer, vareleveranser og besøkande skal kunne finne fram fort og enkelt.

 

 

 

Vegnamn

Å tildele namn føregår etter lov om stadnamn med tilhøyrande forskrifter. Formålet med lova er å ta vare på stadnamn som eit kulturminne, gje namn ei skriftform som er formålstenleg og medverke til kjennskap og aktiv bruk av namn. Norge er eitt av få land med ei eiga stadnamnlov og alle offentlege organ er plikta å forvalte namnespørsmål etter denne.

Ei typisk namnesak hos kommunen kan vere å finne namn på ein veg eller ei bru. Behovet for namn kan oppstå ved at ei reguleringsplan vert vedteken og anlegget er under planlegging eller bygging. Så snart omfanget av anlegget er kjent, skal kommunen starte namnesak.

Etter at namnesak er igangsett skal saka sendast ut på høring. Høyringsrunden er forholdsvis omfattande og består av fleire partar. Namnesaker er på høyring både lokalt, politisk og språkleg før vedtak vert fatta.

Val av namn

Lokale historielag, velforeiningar og liknande organisasjonar med tilknyting til namnet er viktige bidragsytarar i å finne gode namn. Dersom ein lokalt ikkje har forslag til namn, vil saksbehandlar foreslå namn med bakgrunn i stadnamn på gamle kart eller lokal kulturhistorie. Eit namn kan også vere skildrande for landskapet anlegget ligg i, eller myter og segn som knyt seg til det aktuelle landskapet. Alle som vil kan foreslå nye vegnamn.

Vegar kan kallast opp etter personar. Språkrådet rår ifrå å bruke namnet på nålevande personar i adressenamn. Årsaken er at omdøme til vedkomande kan endrast over tid.

Etter lov om stadnamn § 4 skal nye namn ha en skrivemåte som i utgangspunktet er lik den lokale nedarva uttalen og som følger norsk rettskrivingsprinsipp. Stedsnavn kan dermed sies å utgjøre et slags møtepunkt for norsk skriftspråk og uttale. Dette forholdet gjør fastsetting av skrivemåten til navn et komplisert arbeid med mye lokalt engasjement og behov for språkfaglig kompetanse.

Namnemynde

I hovedsak er det to navnemyndigheter i Norge: Kartverket og kommunene.
Kommunen fastset namn på kommunale anlegg i sine respektive ansvarsområder.
Kartverket er ansvarlig for gårds- og bruksnavn, naturnavn og for anlegg eller eiendommer i statlig eige.

Kunngjøring og melding om nye namn

Når eit nytt namn vert vedteke vil det bli kunngjort. Vanylven kunngjer nye namn på sine nettsider og i lokalavisa Synste Møre.  Samtidig vert det sendt ut melding om vedtak til dei involverte i den enkelte namnesaka.

Klage på namnevedtak

Lov om stadnamn slår fast at offentlege organ (som stat, fylkeskommune og kommune), brukseigar eller –festar, og lokale organisasjonar med tilknyting til namnet kan klage på skrivemåten av eit namn. Klagefrist er tre veker etter kunngjering.

Privatpersonar kan klage når saka handlar om eige gardsnamn, men har ikkje klageadgang i andre namnesaker.

Det er berre muleg å klage på skrivemåten av eit namn. Ikkje for eksempel kva namn som er valt.

Kontakt

Randi Aarønæs
rådgjevar landbruk
E-post
Mobil 91 55 90 27