Gatelys

Gatelys

Når du skal melde feil på gatelys, kan du no melde inn via karttenesta til Eviny Solutions AS. 

Eviny Solutions AS driftar og vedlikeheld over 30 000 gatelys på oppdrag frå kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord.

I kartet ser du alle gatelys i Eviny Solutions sitt område kommunevis.

Du går inn og registrerar feil ved å klikke fram til gatelyset. Der ser du også om det er meldt om feil på det same gatelyset tidlegare og eventuelt status for feilretting. Kartet blir oppdatert fortløpande.

Sjølv om ein ikkje har gateadresse/husnummer, kan ein finne huset/gata si på kartet. Deretter må ein zoome heilt inn for at alle gatelysa skal bli synlege (gule prikkar), og då kan ein velje "registrere veilysfeil" og deretter merke av den gule prikken det gjelder. 

Klikk deg inn i kartløysninga for å melde frå om mørkt gatelys

 

Det kan ta litt tid 
Feil vert retta fortløpande av Eviny, som kjem til Vanylven når dei har samla fleire oppdrag i kommunen. Det kan difor ta nokre veker frå ein melder ifrå til lyset vert fiksa. Det kan og skje at til dømes vegkryss må prioriterast før små blindvegar.

Vi ber om forståelse for at det kan ta litt tid før lyset kjem på att.