Vanylven kommune har ansvar for brøyting av kommunal veg, og dei med privat veg kan søkje om brøyting.
Publisert 03.08.2020 11:11
Sist endra 18.07.2023 04:49
Dette kan du forvente av snøbrøyting på kommunale vegar
Alle vegar kan ikkje brøytast på same tid. Det er difor sett opp følgjande prioriteringsliste for kommunal brøyting:
- Kommunale vegar.
- Gangvegar langs kommuneveg og fylkesveg.
- Haldeplassar / snuplassar med vidare for kollektivtransport.
- Vegar og plassar i tilknyting til offentlege helsesenter, legesenter, aldersheimar og sjukeheimar.
- Offentlege kaier og andre plassar som er opne for allmenn ferdsel.
- Vegar og plassar i tilknyting til skular og barnehagar.
Område kommunen ikkje brøyter
Brøyting av fylkesvegar og gang- og sykkelveg langs tidlegare riksvegar er Statens Vegvesen sitt ansvar (tlf. 175)