Påkjørsel av vilt

Ved påkjørsel av vilt , må ein ringe 02800 (politiet) snarast mogleg. Merk staden der dyret blei påkjørt, sånn at skada dyr som har forlatt staden, kan sporast. 

Når ulykka skjer

  1. Få oversikt over evnt skada personar og gi førstehjelp/ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig- 
  2. Ring politiet på 02800 og meld frå om påkjørselen. 
  3. Merk staden nøyaktig der dyret blei påkjørt med eit viltbånd, plastpose eller liknande. 

Er det påkjørte viltet fortsatt i live skal ein la det vere i fred og ikkje nærme seg. Gå aldri etter eit skada vilt. Det vil redusere sjangsen for å få avliva det. 

Ved alle påkjørslar der det har våre kontakt mellom kjøretøy og hjortevilt, rev eller grevling skal det varslast, - uansett om du meina viltet ikkje blei skada. 

Det er straffbart å ikkje varsle om ein viltpåkjørsel.