I år får du valkortet ditt digitalt

Klikk for stort bileteVed årets val får veljarane i Vanylven kommune ein SMS med lenke til valkortet ditt. Dermed har du valkortet på mobilen og lett tilgjengelig når du skal stemme. 

Dei fleste veljarane i kommunen får valkortet for kommunestyre- og fylkestingvalet digitalt i staden for på papir i postkassa. I byrjinga av august får du ein SMS med lenkje til valkortet. Lenkja viser til di digitale postkasse dersom du bruker Digipost eller e-Boks. Dersom du ikkje har digital postkasse får du valkortet ditt på ei personleg side på valg.no. 

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har nytta ID-porten på 18 månadar, får du valkortet på papir via brevpost.  

Slik bruker du valkortet

Du får ein SMS med en lenkje. Du opnar denne lenkja, og kjem til pålogging for ID-porten. Du loggar deg på ID-porten som du vanlegvis gjer, og når du er pålogga kjem du automatisk til valkortet ditt. Du kan anten ta eit bilete av dette, eller logge deg på når du kjem til vallokalet.

Dersom du tar bilete er det viktig at du får med strekkoden som er på valkortet. Det er denne valmedarbeidarane treng.

Det er lurt å ha valkortet klart før du går til urnen. Du kan vise valakortet som eit bilete, eller være innlogget og ha valkortet klart på mobiltelefonen.

Du må ikkje ha valkortet med deg for å stemme, men det sparer deg for tid. Hugs legitimasjon.

Forsøk med elektronisk utsendelse av valkort

Vanylven kommune deltek i eit forsøk med elektronisk utsendelse av valkort. Det er Valgdirektoratet som har ansvar for forsøket. Totalt 18 kommuner rundt om i landet deltek i forsøket, og rundt 550 000 veljarar får valkortet digitalt. Målet er å sjå på nye måtar å sende valkortet på, for å gjere det lettare for veljarane å bruke valkortet. I tillegg fører digitale valkort til mindre bruk av papir og reduksjon av kostnadar.

Desse kommunene deltek i forsøket:
Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen, Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal, Tromsø, Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan