Her finn dykk heile valstyret sin valprotokoll for kommunevalet 2019.
Valprotokollen gir ei oversikt over alle røystekategoriane, kandidatutrekninga og korleis personrøystene og slengarane fordelte seg mellom kandidatane og partiene/listene.

Du har røysterett om du er norsk statsborgar og fyller 18 år seinast 31.desember 2019. Du har og røysterett som ikkje-norsk statsborgar om du har vore ført inn i folkeregisteret som busett i Norge dei siste tre åra før valdagen, eller er statsborgar i eit anna nordisk land og er folkeregisterført som busett i Norge seinast 30. juni 2019. Du må vere registrert i manntalet for Vanylven 30. juni 2019 

Hugs å ta med legitimasjon ! 

I fylgje forskrift om val til Sametinget § 4, 2. ledd, skal Sametingets valmanntal utarbeidast også i det året det er kommunestyre- og fylkestingsval.

Manntalet for Vanylven er lagt ut til ettersyn på rådhuset, Fiskå til og med valdagen.

Krav om retting og oppdatering skal sendast til Sametinget, Avjovargeaidnu 50, 9730 Karasjok, e-post sametinget@samediggi.no. Kravet skal vere skriftleg og grunngitt.

Valstyret

Ved årets val får veljarane i Vanylven kommune ein SMS med lenke til valkortet ditt. Dermed har du valkortet på mobilen og lett tilgjengelig når du skal stemme. 

 

 

I 2019 er det val av nytt kommunestyre og nytt fylkesting. Valgdagen er fastsett til måndag 9. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søndag 8. september og måndag 9. september.  I Vanylven er det val ein dag: 9.september.