Nærdemokrati

Borgarinvolvering handlar om å skape engasjement ved utforming av politikk, planar, strategiar og prosjekt, der folk får høve til å fremje sine synspunkt og dermed påverke innhaldet i avgjerder kommunen skal ta.
 

Vanylven kommune er innbyggjarane. At vi som lever her har høve til å påverke, er sentralt i vårt lokaldemokrati. Det er god samfunnsbygging når innbyggjarane får påverke forhold rundt eige liv og kvardag, og når innbyggjarane kan bidra med lokal kunnskap. Det gjeld ikkje berre i samband med lovpålagde høyringar, men generelt når vi gjer små og store vegval. Slik står vi betre rusta til å skape gode lokalsamfunn saman!
 

I "Strategi for nærdemokrati og borgarinvolvering" vil Vanylven kommune engasjere innbyggjarane. Med det som både mål og middel: som mål ynskjer vi aktive innbyggjarar som tek ansvar, bidreg og utfordrar skaper sunne og vitale lokaldemokrati med deltaking og engasjement. Som middel er det når formålet med deltaking er å dra nytte av den kunnskap og innsikt innbyggjarane har, og dermed kunne ta betre avgjerder. Begge deler er viktig.