Kven kan ta kontakt med pedagogisk rettleiingsteneste?
Eleven sjølv, foreldre, barnehage eller skule kan ta kontakt med PPT .
Det mest vanlege er at henvendinga skjer i samarbeid med skule/ barnehage.
PPT kan yte tenester i høve kartlegging og utgreiing av funksjons- og lærevanskar, rettleiing knytt til pedagogiske tiltak og rettleiing til foreldre, barn og ungdom.
Kontaktinfo:
Ressurspedagogar ved den einskilde skule og kommunale barnehage:
- Myklebust skule
Wivi-Ann Koppen - Fiskå skule
Ine Flister - Syvde barnehage
Ine Flister- Åheim barnehage
Nina Refsnes - Åheim skule
Rektorarar og styrarar
Janne Kristin Torvanger - Myklebust skule
Sylvia Baade - Fiskå skule
Henrik Vedde - Åheim skule
Ingvill Lillebø Slettestøl - Syvde barnehage
Tove Ekremsæter - Åheim barnehage
Marta Bøstrand - Solsikka barnehage (privat barnehage)
Kva skjer vidare?
PP-tenesta skal sørge for at det blir utarbeida sakkunning vurdering der lova krev det:
- for elevar som treng spesialundervisning eller barn som treng spesialpedagogisk hjelp
- ved framskynda og utsett skulestart
- ved fritak frå opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-1
- ved rett til teiknspråkopplæring for elevar og førskuleborn etter oppl. lova § 2-6 og 3-9
- for særskilte rettigheiter for blinde og sterkt svaksynte §§ 2-14 og 3-10
- for rett til særskilt valt utdanningsprogram etter oppl.lova § 3-1
Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:
- samtale med barnet sjølv og samtale med foreldre
- samtale med barnehage/ skule
- observere barnet i ulike situasjonar
- teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar
Vi gir tilbakemelding til foreldre/barn og barnehage/skule om kva kunnskap kartlegginga har gitt oss.
Kva tiltak er aktuelle?
Ulike tiltak som kan vere aktuelle i ulike situasjonar:
- rettleiing/ tilråding om tilrettelegging for meistring i barnehage/skule
- rettleiing til heimen
- vidaretilvising til 2. linjetenester
- samarbeid med andre lokale instansar