Permisjonsreglement

Permisjonsreglement

Opplæringslova, §2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa.

” Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. ”

Delegert mynde:

  1. I Vanylven kommune har rektor ved den einskilde skulen fullmakt til å gje ein elev permisjon i inntil to veker etter søknad frå føresette.
     
  2. Kontaktlærar har fullmakt til å gi ein elev permisjon i inntil tre dagar etter søknad frå føresette.
     
  3. Permisjon grunna feriereiser vert ikkje godkjent, men føresette er pliktige å søkje, og vel sjølve om dei likevel vil ta eleven ut av skulen. Viser til vedtak LU –sak 11/2011.
     
  4. Det kan søkjast elektronisk på søknadsskjema som ligg på kommunen si nettside.
     
  5. Føresette må ta ansvar for naudsynt undervisning i permisjonstida og fråskrive seg evt. krav om at kommunen skal sørgje for at eleven får ta att  ”tapt” undervisningstid. Skjemaet skal signerast av både føresette og rektor/lærar.
     
  6. Forsikringsordninga kommunen har for elevane gjeld ikkje i permisjonstida.


Dersom permisjonstida det søkjast om er for eit lengre tidsrom enn to veker skal søknaden gå ad tenesteveg til kommunalsjef for vedtak.