Informasjon og brukarrettleiing til føresette-om APPen «Edlevo»

Tieto Education har endra namn til Edlevo.

Les meir om namnebytet

 

Av omsyn til personvernet (GDPR), ynskjer vi at kommunikasjonen mellom heim og skule skal vere gjennom Edlevo.

Edlevo er kommunen si administrasjonsløysing for grunnskulen. Som føresett nyttar du løysinga til å sende beskjedar og meldingar. Den erstattar meldeboka i skulen.

Du kan registrere fråvær og tider barnet skal vere i SFO. Beskjedar til SFO i løpet av dagen kan sendas til SFO-einingane sin mobiltlf.

Om du ynskjer å ta personleg kontakt med skulen på telefon, er det sjølvsagt heilt greitt.

 

Informasjonsbrev til føresette om Edlevo-APP finn du her  (PDF, 531 kB)

 

Dette nyttar du Edlevo til:
 

Melde fråvær

  • I kommentarfeltet skriv du berre «sjuk», «tannlege/legetime» e. l. Ein skal ikkje legge inn detaljar om sjukdom eller anna personsensitiv informasjon i dette feltet.

Kontaktinformasjon

  • Her skal du oppdatere e-postadresse og telefonnummer om du får endra desse. Det er svært viktig at skulen til ei kvar tid har korrekt kontaktinformasjon til føresette eller andre omsorgspersonar.

Meldingsteneste

  • Du kan sende melding til lærar, SFO eller administrasjonen på skulen. Det skal ikkje stå sensitiv informasjon i meldingane. I slike høve tek du kontakt med skulen personleg eller på telefon.

Tidsskjema

  • Her legg du inn kva tid barnet ditt skal vere på SFO. Det er viktig å gjere dette når den komande 1. klassingen har fått tildelt SFO plass i april/mai. Då legg du inn timar og dagar i forhold til timetalet du har søkt om.
  • Skal du endre opphaldstid i løpet av skuleåret, er det viktig å ha dialog med SFO-leiar eller rektor før du endrar tidsskjema i APPen.

 

Føresette nyttar Edlevo til å melde frå om fråvær, og ha dialog med skule og SFO via beskjedar og meldingar. Her kan du og få tilsendt generell informasjon frå skulen.

Lærarane nyttar Edlevo til å registrere og følge opp eleven sitt fråvær, karakterar, merknader og vurderingar. Lærarane kan og sende meldingar til ein eller fleire føresette.

Administrasjonen nyttar Edlevo m.a. til timeplanlegging, oppmelding til nasjonale prøver og eksamen, innrapportering av elev- og karakterfil til vidaregåande opptak m.m. Her sender vi og ut generell informasjon frå skulen.

Edlevo inneheld basisinformasjon om alle elevar på skulen, med fag- og klassetilknytingar og kontaktinformasjon til føresette.

 

Korleis kjem føresette i gong?

Føresette må laste ned APPen til Edlevo.

Den kan lastast ned til IOS eller Android via APP STORE. 

Føresette kan og nytte nettsida via linken her.  Elektronisk ID-pålogging

Av omsyn til personvernet, må ein logge på APPen ved hjelp av elektronisk ID (MinID, BankID eller tilsvarande). Det vil dermed vere ein tryggare kommunikasjonskanal enn til dømes e-post/sms.

Link til personvernet finn du her: 

 

Instruksjonsvideoar - Edlevo

Slik sender du og tek imot meldingar

Video: Bærum kommune

 

Korleis registrere fråvær i Edlevo

Video: Bærum kommune

 

Slik oppdaterer du kontaktinformasjon i Edlevo

Video: Bærum kommune

 

Slik registrerar du tidsskjema for SFO i Edlevo

Video: Bærum kommune

 

 

 

Instructions - Edlevo

How to register absence in Edlevo

Video: Bærum kommune

 

Edit contact information in Edlevo

Video: Bærum kommune

 

How to register time schedule for SFO

Video: Bærum kommune