01.01.2023 gjekk barneverntenesta i Vanylven inn i interkommunalt samarbeid med «Søre Sunmøre Barnevernsamarbeid» i Volda
Vanylven, Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste. Volda er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta.
Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane.
Sentrale oppgåver
Dei sentrale oppgåvene til barnevernstenesta er å undersøke bornet sin omsorgsituasjon, sette i verk frivillige hjelpetiltak og om naudsynt fremje forslag om tiltak til fylkesnemnda. Barnevernstenesta skal gjennomføre og følgje opp Fylkesnemnda sine vedtak.
Ved alle tiltak etter barnevernslova skal det leggast vekt på kva som er best for bornet. Personar som til vanleg har teieplikt, har likevel opplysingsplikt overfor barnevernstenesta om det er grunn til å tru at det ligg føre mishandling, alvorleg svikt i omsorg eller alvorlege åtferdsvanskar.
Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for born.
Skjema for bekymringsmelding(PDF, 135 kB).
Det er eit mål å få til barnevernvakt i området, men inntil vidare må politiet kontaktast i akutte situasjonar. Dei er å nå på telefon 02800 eller på nødnummeret 112.
Publisert 10.01.2023 09:27
Sist endra 10.01.2023 08:25