Salsløyve

Salsløyve

Driv du butikk og skal selge alkoholholdig drikke, må du søke til kommunen om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgast 4.7 volumprosent alkohol. 
Bensinstasjonar, storkioskar, og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Salsløyvet blir gitt til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalget. I søknadskjemaet må du gi opplysningar om bedrifta, om eigarforholdet og om kven som skal vere styrar. 

Krav til søkar: 

Den som søker om salsløyvet og personar som har ein vesentleg innflytelse på verksemda (feks. medeigar) må ha ein uklanderleg vandel i forhold til: 

  • Alkohollovgivinga og anna lovgiving som har samanheng med alkohollova sine formål.
  • Skatte-, avgift og rekneskapslovgiving

Krav til styrar og stedfortredar: 

  • må vere 20 år og arbeide i verksemda 
  • må ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivinga og anna lovgiving som har samanheng med alkohollova sine formål
  • må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova 

Korleis søkjer du?

Søknadsskjema for salsløyve finn du her.

Kontakt

Kåre Kvangarsnes
politisk sekretær
E-post
Mobil 94 03 62 15