Informasjon om konsesjon
Ved overtaking av landbrukseigedom må ein søke om konsesjon til kommuna. Mindre eigedomar eller odelsrettshavarar har konsesjonsfritak, og må levere erklæring om dette ved overtaking.
Ved overtaking av landbrukseigedom kviler det 5 års bu- og driveplikt (10 år i enkelte tilfeller).
Overtakar kan søke om fritak, enten heilt ut eller for ei viss tid.
Kommunestyret har oppgitt følgande retningslinjer som utgangspunkt for handheving av søknadar om bu- og driveplikt:
"Kulturlandskapet skal haldast i hevd. Vanylvssamfunnet ynskjer seg fastbuande i flest mogleg gardstun.
Der sentrumsnære bruk med lite tidhøveleg bygningsmasse ligg i område med interesse for tilleggsjord, vil vere kurant å dele frå tunområdet om resterande areal går som tillegsjord til aktive bruk.
I bygdelag der interessa for tilleggsjord er liten, eller omsynet til busetnadselementa er store, bør ikkje tuna delast frå, men bruka eigast av dei som vil bu der. Ein vil likevel strekke seg for å finne ei god løysing for frådeling av areal til ein fritidseigedom/bustadeigedom til seljaren om han skulle ynskje det.
Korleis søkjer eg ?