Særskilte miljøtiltak i jordbruket

Dette er ei tilskotsordning for tiltak i kulturlandskapet og mot ureining frå landbruket.

Kva er SMIL-midlar?

Det er midlar til særskilte miljøtiltak i jordbruket, og kommunen får omlag 250 000 kr årleg som skal fordelast til gode tiltak.

Kven kan søke?

Søkjar kan vere eigar eller drivar av aktive gardsbruk, registrert i einingsregisteret.

Tilskotet skal bidra til å ivareta omsynet til miljøverdiane i landbruket sitt kulturlandskap.

Det kan vere til dømes vere

- inngjerding av gamal kulturmark for beiting

- reparasjon av verneverdige bygningar eller steingardar

-  tiltak som skal hindre ureining frå jordbruk, som avsig frå lager eller tiltak som hindrar erosjon av jord.

 

Den kommunale strategiplanen 2018-2021 har følgjande mål:

1. Hindre attgroing av kulturlandskapet og tap av biologisk mangfald.

2. Tiltak som fremjar beitebruk.

3. Redusere ureining frå jordbruket.

4. Ta vare på viktige kulturminne og kulturmiljø, og andre element i kulturlandskapet.

5. Legge til rette for ferdsel til viktige kulturminne og kulturmiljø.

6. Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige bygningar

 

Korleis søkjer du?

Kontakt vår landbruksrådgjevar, Randi Aarønæs dersom du vil søkje SMIL-midlar.

Søknadsfrist 1 - 2 gonger i året vert annonsert. 

Kontakt

Randi Aarønæs
rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 70 03 00 73